tirsdag 8. september 2009

Prinsessa av Burundi

Forteljinga handlar om prinsessa av Burundi, ei smellfeit kjerring. Ho berre eter og vart mobba av dei andre i byen. Ein dag kjem Adam Bodor, ein slank og snill mann frå Bosnia. Han blir kjempe forelska i smellfeite Maibritt, men Maibritt synast at ho er for stygg. Derfor eter Adam til han også blir smellfeit, han bli så feit at han blir sjuk og kjem på sjukehus. Kven han kjem tilbake overbevisar han Maibritt om at ho er vakker og at han elskar henne sjølv om ho er feit.

Eg synast at forteljinga var litt merkeleg. I eit eventyr pleier riddaren å måtte kjempe mot ein drage eller noko liknande for å få kvinna han elskar. Her må ”riddaren” derimot eta seg feit for å få dama, ikkje like heroisk, men like desperat.

1 kommentar:

  1. Hei!

    Så flott at du aktivt nyttar bloggen din, Even! Det er interessant å lese om fotografering og golf! Når det gjeld "Prinsessa av Burundi", synest eg du skriv godt. Det er nokre småfeil her (t.d. ord som "å synast" og "å ete"), dei rettar du opp, men at det er ein ordelingsfeil her, det er meir "alvorleg". Finn du han? Elles er dette bra!

    Bjørnar

    SvarSlett